Varsel om endra plangrense av detaljregulering for Kalneset, Stad kommune

I samsvar med plan- og bygningslova varslar ABO Plan og Arkitektur AS om endring av plangrense for detaljregulering for Kalneset i Stad kommune.

Føremålet med planarbeidet er ikkje endra. Det er berre plangrensa som er endra. Dette inneber at tilgrensande eigedom i nord, deler av gnr.177/1, er inkludert i planområdet. I tillegg er ein mindre del av gnr. 177/9 inkludert for å sikre areal for siktsoner og stenging av eksisterande avkøyring. Figur under synar området der planområdet er endra - tidlegare varsla plangrense (blå linje) og endra plangrense (svart linje). Potensiell plassering av ny avkøyring er også synt i kartet.

  

Endring av plangrense
Bakgrunnen for endring av plangrensa er at ein har avdekka eit ønskje om å flytte dagens avkøyring, som ligg sør for næringsområdet, til areal nord for næringsområdet. Årsaka til dette er:

  1. Ønskje om å regulere løysing til Rv15 som sikrar god og framtidsretta trafikkavvikling og -tryggleik. Løysing med  avkøyring i nord vil gi grunnlag for å sanere og samle  avkøyringar på eit punkt med betre sikt- og  stigningsforhold enn dagens avkøyringar.
  2. Ønskje om å sikre betre logistikk og fleksibilitet internt i  planområdet. Dette ved at den interne hovudvegen i  planområdet vert liggjande i bakkant av næringsområdet (mot nord). Det vil gi betre tilhøve for å  føre fram veg til eksisterande enkeltnaust og  naustområde, samt medføre lettare inngrep i terrenget,  og tydlegare skilje mellom næring og private interesser i  området.


Det er undersøkt alternative løysingar som viser at avkøyringa ikkje kan etablerast innanfor grunneigar sine grenser på grunn av kurvatur og siktforhold langs Rv.15. Ein har difor også sett på moglegheiter utanfor varsla planområde. For å undersøke realismen i dette har tiltakshavar kontakta grunneigar av eigedom gnr. 177/1, og grunneigar er positiv til forslaget. Alternativ avkøyring på gnr. 177/1 skal stette krav i HB100. Løysing med avkøyring i nord gjer at tre eksisterande avkøyringar kan samlast til ei felles avkøyring. I dette ligg det at tilkomst til fritidseigedom gnr. 177/38 får tilkomst via ny avkøyring, noko som gir dei ei betre og tryggare avkøyring enn dagens situasjon.
Arealet som planområdet er utvida med, er i gjeldande kommuneplan (Kommuneplan for Vågsøy 2002-2014, Arealdel) regulert til LNF-føremål. Planarbeidet skal gjennomførast med konsekvensutgreiing, jf. tidlegare sendt varsel om oppstart. Deler av det utvida planområdet er dyrka mark, fulldyrka jord, nytta til produksjon av grovfôr. Det er naturleg at utgreiing knytt til naturressursar på land vert ein del av konsekvensutgreiinga.


Innspel til varsel om endra plangrense
Eventuelle kommentarar, merknader, opplysningar som kan ha tyding eller interesse for planarbeidet kan sendast skriftleg til:

  • ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
  • poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no innan 23.05.2022


Spørsmål om planarbeidet eller innspel til planarbeidet kan rettast til

  • Turid Verdal Tlf.: 905 22 958. E-post: turid@abo-ark.no
  • Marius Johan Svoren, Kvernevik AS. Tlf.: 951 99 815. E-post: marius@kvernevik.as

- Varslingsbrev (PDF, 379 kB)

- Kart med plangrense (PDF, 922 kB)