Varsel om oppstart av detaljregulering av Hovevegen i Selje

Varsel om oppstart av detaljregulering av Hovevegen i Selje

MjøsPlan as varslar om oppstart av planarbeid for gbnr. 256/50 langs Hovevegen i Selje. Formålet er å legge til rette for bustader på eit område som er regulert til skog-leplantefelt.

Varsla planavgrensing for Hovevegen  

Planen blir utarbeidd som privat detaljreguleringsplan, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8.

Vest Bygg og Bustad AS er tiltakshavar og MjøsPlan as er plankonsulent.

Oppstart av planarbeid blir varsla i Fjordabladet. Naboar og berørte partar vert varsla direkte.

Kom med innspel innan 6. juli

Innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg til MjøsPlan AS v/Gaute Fitje Sleire per e-post til gaute@mjosplan.no eller per brev til postboks 6, 2391 Moelv. 

(Kopi til Stad kommune, post@stad.kommune.no eller Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.)

Frist for å kome med merknader til oppstartsvarselet er 6. juli 2022.

Spørsmål kan rettast til MjøsPlan AS v/Gaute Fitje Sleire, gaute@mjosplan.no, tlf. 919 07 614.

Meir informasjon om planarbeidet