Varsel om oppstart av detaljregulering for bustadområde Bråtet

Varsel om oppstart av detaljregulering for bustadområde Bråtet

Nordplan varslar om oppstart av detaljreguleringsplan for området Bråtet på Nor. Formålet med planarbeidet er etterbruk av massetak til bustader.


Varsla planavgrensing for bustadområde Bråtet 

Området er kalla «Bråtet» og omfattar gnr./bnr. 57/1, 25, 65 og 28 på Nor i Stad kommune. Arealet har dei siste åra har vore nytta som massetak. Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for at vestre del kan omarbeidast frå massetak til bustadområde.

Norsand AS er tiltakshavar og Nordplan AS er konsulent.

Kunngjering med planinitiativ og andre relevante dokument er tilgjengeleg på Nordplan sine heimesider og nedst på denne sida. Naboar og berørte partar vert varsla direkte.

 

Kom med innspel innan 29. mai

Merknader eller innspel til planarbeidet sendast skriftleg på e-post til Siri Gausemel, sg@nordplan.no

eller i brev til Nordplan AS, Pb 224, 6771 Nordfjordeid

(kopi til Stad kommune, post@stad.kommune.no, eller til Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid)

Frist for innspel er sett til fredag 29. mai 2022.

 

Meir informasjon: