MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Varsel om oppstart av detaljregulering for Selje sentrum

Varsel om oppstart av detaljregulering for Selje sentrum

I utvalsmøte for Areal og Eigedom 09.06.2020, vart det vedteke å varsle oppstart av detaljregulering for Selje sentrum i medhald av Plan- og bygnigsloven § 12-8.
Det er Stad kommune som melder oppstart for arbeid med detaljregulering for Selje sentrum og planen skal utarbeidast i samarbeid med Nordplan. 

Planarbeidet skal gjennomførast i samsvar med Plan og bygningslovens kapittel 12 og som detaljregulering i medhald av pbl. §12-3.
Formålet med planarbeidet er å legge til rette for vekst og utvikling i Selje ved å sikre god framtidig arealbruk med omsyn til bustad, næring, trafikktryggleik og universell utforming, tilgang til ulike anlegg, areal til nye aktivitetar, parkeringsløysning, busstopp og tilrettelegging av uteområde og møteplassar.

Klikk for stort bileteKart som viser planavgrensing for detaljregulering for Selje sentrum.

Opplegg for medverknad

Kommunen ynskjer tidleg involvering av fagetatar og ressurspersonar for å diskutere tettstadutvikling og korleis gjere dei rette vala for at Selje skal utvikle seg som tettstad. 
Det skal vidare leggast opp til ein planprosess der berørte partar får høve til å medverke, før det vert fatta endeleg vedtak om arealbruken i området. Det skal t.d arrangerast folkemøte. 

Grunneigarar, naboar og aktørar i området blir varsla direkte.

Frist for innspel til oppstartsvarselet er sett til 15.08.2020.

Sjå kva endringar planen legg for din eigedom

Ta kontakt dersom de har spørsmål til plandokumenta. Har de merknader eller innspel til planframlegget, kan desse rettast skriftleg til Stad kommune v/Plan og forvaltning, eller elektronisk til post@stad.kommune.no, innan 15.08.2020.

Merk innspelet med; Innspel til varsel om oppstart for detaljregulering for Selje sentrum.

Gry Otneim Leikanger
fagleiar plan og forvaltning