Varsel om oppstart av planarbeid: Haugen Landskapshytter

Varsel om oppstart av planarbeid: Haugen Landskapshytter

Stadsutviklaren AS varslar om oppstart av detaljregulering for Haugen Landskapshytter på gnr./bnr. 38/122 og 38/7 ved Øvrelidvegen på Haugen.

Planavgrensing Haugen Landskapshytter 

Planområdet er på ca. 5,7 daa og er lokalisert på nordsida av riksvegen. 

Stadsutviklaren AS ønskjer å legge til rette for eit nytt konsept av små landskapshytter for utleige med tilleggsfunksjonar samla i eit servicebygg. I nærleiken av servicebygget er det ønskjeleg å etablere eit tilbod for alternativ overnatting samt ein bustad.

Synspunkt og innspel til planarbeidet kan sendast til Stadsutviklaren AS v/Katrine Solheim post@stadsutviklaren.no eller per brev til Stadsutviklaren AS, Sjøgata 2, 6770 Nordfjordeid innan 13. november 2022.

Meir informasjon om planarbeidet: