Varsel om oppstart og høyring av planprogram: Detaljregulering for Stad molo og Leikanger indre hamn

Varsel om oppstart og høyring av planprogram: Detaljregulering for Stad molo og Leikanger indre hamn

Det skal utarbeidast konsekvensutgreiing for tiltaka, og forslag til planprogram vert med dette sendt på høyring.

Planavgrensing for varsel om oppstart 

Stad molo as ønsker å etablere ei indre hamn med ein molo ved Leikanger på Stadlandet, og vil slik leggje til rette for vekst og utvikling. Feste NordØst as utarbeider planen i samarbeid med Nordplan as for tiltakshavar Stad molo as.

Formålet med planarbeidet er å:

  • Bygge molo som vernar sjølinja ved Leikanger. Denne er i dag utsett for storm og uvær, samt framtidige klimaendringar.
  • Legge til rette for offentleg transport via sjøvegen.
  • Legge til rette for turisme og næring knytt til sjø.
  • Legge til rette for utvida næringsformål – oppnå meir næringsareal og kaianlegg for næringsformål.
  • Sikre god estetikk og gode visuelle kvalitetar i utforming av molo og området.

Planavgrensinga er foreslått frå næringsverksemda Per Stave AS i nord, til Stad næringspark i søraust. Planen vil avgrensast mot detaljregulering for Leikanger sentrum som er under arbeid.

Planprogrammet inneheld føringar for det vidare planarbeidet og konsekvensutgreiinga, og skal fastsetjast av Utval for areal og eigedom i Stad kommune. 

Frist for innspel 7. juli

Innspel til planoppstart og merknader til planprogram sendast elektronisk til aor@feste.no, eller ved brev til Feste NordØst as v/Anja Ø. Ryen, postboks 33, 2541 Tolga.

Frist for innsending av merknader og innspel er 7. juli 2022.

Les meir om planarbeidet:

Varsel om oppstart er i tillegg kunngjort på www.feste.no og blir kunngjort i Fjordenes Tidende og Fjordabladet.