Varsel om planoppstart - Endring av Golvsengane B21, 44/594

I medhald av Pbl. §12-8 vert det varsla oppstart
av detaljregulering for endring av område B21 i reguleringsplan for Golvsengane, omlag 3,2 daa. Formålet med planarbeidet er å omregulere arealet frå bustad til friområde.Planområde 

Det vert ikkje utarbeidd planprogram eller
konsekvensutgreiing. Plangrense går fram av kart under og i varslingsbrev. Plangrense kan også finnast på kommunekart.com. Varslingsbrev og meir informasjon finn de i lenkene under og på www.nordplan.no under «Kunngjeringar».

Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og sendast til Nordplan AS på e-post abr@nordplan.no, ev. i brev til Nordplan AS, Postboks 224, 6771 Nordfjordeid. Frist for innspel er sett til 05.04.2022.