Heimekontor/ fjerntilgang Bestilling av fjerntilgang/heimekontor Dei som står på Nordfjordnett si fullmaktliste kan gjere dette. Typisk er dette tenesteleiarar eller tilsette med bestemte roller/funksjonar. Fullmaktlistene er utfylt av kommunane av ein som har godkjenning for dette. Den einskilde brukar skal ikkje bestille fjerntilgang direkte til Nordfjordnett, men melder behov til næraste tenesteleiar. Nordfjordnett ser helst at kommunane samlar opp bestillingar slik at vi slepp å få ei og ei tilgangsbestilling. Bestill difor fjerntilgang via: ikt@stad.kommune.no Brukaren sitt mobilnummer må vere ein del av bestillinga. Dersom eit privat mobilnummer blir oppgitt, må vi få beskjed dersom dette ikkje skal vere synleg på heimesida, adressebøker (Outlook og Skype) eller telefonsentralbord. For fjerntilgang til fagsystem som inneheld personsensitiv informasjon (sikker sone, sikkert heimekontor) må datamaskinnamn også oppgjevast. Bestilling leggast som sak på Brukarhjelpa vår via http://brukarhjelp/ eller på e-post til brukarhjelp@nordfjordnett.no Fjerntilgang via privat pc eller jobb pc Dei som har fått oppretta fjerntilgang frå Nordfjordnett, kan logge på Fagportalen via sin private PC og få tilgang til system som ikkje inneheld personsensitiv informasjon (intern sone). Døme på system er Outlook, Visma Enterprise, ACOS Websak Fokus, RS Ajour m.m. For å få tilgang til system som inneheld personsensitiv informasjon (sikker sone), må ein ha PC via arbeidsgjevar med godkjent sertifikat og Cisco AnyConnect installert. Døme på slike system er Infodoc, Profil og Cosdoc. For pålogging til Fagportalen, bruk lenkja https://fagportal.nordfjordnett.no/ eller gå inn via heimesida til Nordfjordnett på www.nordfjordnett.no og bruk snarvegen til Fagportalen der. Kan eg få tilgang til jobb-eposten min utan å ha fjerntilgang? Mange kan få tilgang til jobb e-posten via snarvegen https://webmail.nordfjordnett.no/ Logg på med same brukarident som du brukar på Fagportalen. Tilsette innan helse og omsorg som deler PC på jobb med andre har i utgangspunktet ikkje denne tilgangen pga lisenskostnad. Publisert13.03.2020 10.51 Sist endra13.03.2020 10.51