MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Informasjon til tilsette i Stad kommune

Informasjon til tilsette i Stad kommune

Stad kommune deltek i den nasjonale dugnaden for å hindre vidare smitte av koronaviruset. Kommuneleiinga følgjer situasjonen tett og har fokus på kritiske funksjonar og sårbare grupper. Leiinga har vedteke fleire tiltak i kommuneorganisasjonen som vert sett i verk med umiddelbar verknad. 

Tiltak

  • Alle grunnskular og barnehagar stengjer frå fredag 13. mars kl 08.00. Infoskriv til heimane (PDF, 479 kB) (12. mars).
  • Det vert oppretta eit omsorgstilbod for borna til personell i helse- og omsorgstenesta, transportsektor og kritiske samfunnsfunksjonar. Kritiske samfunnsfunksjoner er, ifølge Beredskapsutvalget: Styring og kriseleiing, Forsvar, Lov og orden, Helse og omsorg, Redningsteneste, IKT-sikkerhet i sivil sektor, Natur og miljø, Forsyningssikkerhet, Vatn og avløp, Finansielle tenester, Kraftforsyning, Elektroniske kommunikasjonstenester, Transport, Satellittbaserte tenester. Sjå meir info her - Info.skriv til tilsette i oppvekst og opplæring (PDF, 476 kB)
  • Eid idrettshus, Eid symjehall, Eidahallen, Bibliotek (Eid og Selje), Operahuset Nordfjord og Valhall er stengt.
  • Alle kulturaktivitetar og idrettsarrangement i Stad kommune blir avlyste.
  • Det er innført adgangskontroll og avgrensing av besøk på sjukeheimar og omsorgssenter.

Beredskap - ressursar

  • Tilsette med helsefagleg utdanning som ikkje arbeider i helse og omsorg kan bli mellombels omplassert til arbeid i helsesektoren dersom det vert behov for det.
  • Deltidstilsette kan bli mellombels auka opp dersom det vert behov for det.
  • Pensjonerte helseutdanna kan vere ein ressurs dersom det vert behov for det.

Reise, møte og oppmøte

  • Alle private og jobbrelaterte reiser utanfor Norden for helsepersonell vert forbode ut april månad.
  • Tilsette som kjem heim frå reise i alle andre land enn Sverige og Finland skal vere i karantene i 14 dagar. Den tilsette har plikt til å informere leiar. Info. om karantene og isolasjon.
  • Kommunehuset i Selje held stengt for publikum frå måndag 16.03.20 fram til ny beskjed vert gitt. Rådhuset på Eid vil framleis vere ope for publikum. Det blir oppmoda om at folk så langt som råd tek kontakt på telefon eller epost.
  • Det vert lagt til rette for heimekontor for dei som har arbeidsoppgåver som kan gjerast heime. Dei med jobbtelefon får høve til å ta med denne heim.
  • Det vert lagt til rette for avspasering og ferie dersom det er mogleg ut frå drifta.
  • Kun nødvendig møteaktivitet vert gjennomført dersom ein kan sikre ein meters avstand mellom møtedeltakarane. Møte skal elles gjennomførast på telefon, skype og videokonferanse.
  • Tilsette skal unngå bruk av kantine og elles følge vanlege hygieneråd frå helsestyresmaktene.

Kva vilkår gjeld for sjukmelding?

NAV informerer på si nettside om kva vilkår som gjeld for sjukmelding og sjukepengar:

Vilkår for sjukmelding

Oppsummering:

Arbeidstakar er smitta av koronavirus

  • Dokumentert sjukdom gir rett til sjukepengar

Arbeidstakar kan vere smitta av koronavirus

  • Om arbeidstakar kan vere smitta av koronavirus og må haldast i karantene, så kan ein ha rett på sjukepengar om ein utgjer ein smitterisiko

Arbeidstakar som sjølv vel å vere i karantene

  • Om arbeidstakar sjølv vel å vere i karantene, så har ein ikkje krav på sjukepengar

Informasjon - arbeidsgjevarpolitikk

Informasjon frå KS om arbeidsgjevarpolitikk

Informasjon frå KS - spørsmål og svar

Heimekontor for tilsette - linjekapasitet

Nordfjordnett har begrensa linjekapasitet på fjerntilgangløysinga. Vi ber om at IKT-brukarane våre følgjer dette i høve fjerntilgang til jobbnettverket:

1)    Dei som treng tilgang fagsystem med personsensitiv informasjon (sikker sone, sikkert heimekontor), kan bruke Cisco Anyconnect løysinga frå jobb PC. Døme på fagystem er Infodoc, Profil og Cosdoc

2)    Alle andre koplar seg til Fagportalen via https://fagportal.nordfjordnett.no/ og får tilgang til sine system der. Fagportalen er også tilgjengeleg via heimesida til Nordfjordnett på www.nordfjordnett.no. Døme på fagsystem er Outlook, Visma Enterprise, ACOS Websak og RS Ajour.

3)    Dei som berre treng tilgang til jobb e-post kan gjere dette via https://webmail.nordfjordnett.no/

Dette vil gjere at fleire får jobba effektivt fram til vi får endra linjekapasiteten.