Ordførar Alfred BjørloAlfred Bjørlo er ordførar i Stad kommune i perioden 2019-2023, og sit i kommunestyret frå Venstre. Alfred Bjørlo er utdanna Cand. Scient. Frå Universitetet i Bergen. Han har tidlegare arbeidd som politisk rådgjevar i Nærings- og handelsdepartementet, Samferdsledepartementet og på Stortinget, vore rådgjevar i Burson-Marsteller og dagleg leiar i Måløy Vekst AS. Frå 2011 fram til skipinga av Stad kommune var Alfred Bjørlo ordførar i Eid. Han er gift, har to born og bur på Bjørlo, to kilometer aust for Nordfjordeid. Alfred Bjørlo sit også i Vestland fylkesting for Venstre, og er nestleiar i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland. Stad kommune har ordførar i heil stilling. Du kan kontakte ordføraren pr epost, sms/telefon eller via Facebook-side, sjå kontaktinfo til høgre på denne sida. Publisert18.11.2019 14.23 Sist endra30.12.2019 14.51