Bustadpolitisk handlingsplan

Bustadpolitisk handlingsplan

Stad kommune har starta arbeidet med ny bustadpolitisk handlingsplan. Bustad spelar ei viktig rolle for samfunnsutviklinga. Gode bustader og bumiljø fremmar helse, trivsel og velvære. Alle skal ha ein stad å bu. 

Status for planarbeidet

Planen har lege ute til offentleg ettersyn og er no meldt opp til politisk behandling for vedtak i kommunestyret 15. desember. 

Formannskapet i Stad kommune vedtok 20. oktober 2022 å legge ut forslag til bustadpolitisk handlingsplan til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 15. november 2022.