Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett

Kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett

Stad formannskap har vedteke å starte arbeidet med ny kommunedelplan for fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett. Planen skal følge opp kommuneplanen sin samfunnsdel, og vere ein strategisk plan.

Status for planarbeidet

Stad formannskap vedtok planprogrammet 3. september 2020.

Planarbeidet er no i innsiktsfasen.

Ansvar og mandat 

Kommunedelplanen vert utarbeidd etter reglane i plan- og bygningslova kapittel 11, og skal vedtakast av Stad kommunestyre. Fram til endeleg vedtak er det formannskapet som tek avgjersler knytt til planprogram og offentleg ettersyn av planforslag. Alle politiske råd og utval er involvert i den politiske behandlinga.

Planprogrammet er førande for planarbeidet, både for prosess og innhald. 

Planprogram

Medverknad

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om utviklingsretning og satsingar som du meiner er viktig. 

Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan.

Innsiktsfase

Første del av planarbeidet vil vere ein innsiktsfase. I denne fasen vil det bli utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag som dannar grunnlag for å ta val knytt til strategiske satsingar for framtida.

Kunnskapsgrunnlaget vil handle om viktige tema og vere omfattande med utfyllande kunnskap om status i høve fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett i Stad kommune, og utviklingstrekk og satsingar nasjonalt, regionalt og lokalt. Her vil både utfordringar og moglegheiter vere tema. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget vil det også bli gjort nærare greie for avgrensing i planarbeidet oppimot andre planar, anna planarbeid, samt korleis fysisk aktivitet, friluftsliv og idrett heng saman med andre tema og korleis det strategiske nivået heng saman med meir utdjupande tema- og handlingsplanar.

Gjeldande plan

Fram til ny plan vert vedteken vil tidlegare planar frå EId og Selje vere gjeldande.

Eid kommune sin kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2014-2026 (PDF, 15 MB)

Selje kommune sin kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2018-2020 (PDF, 3 MB)

Spelemidlar er kopla til desse planane, handlingsdelen til spelemidlane vert rullert årleg. Les meir i artikkelen om spelemidlar.

Stad formannskap har vedteke planprogrammet for utarbeiding av kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet dannar rammene for den lokale idrettspolitikken, både for organiserte og eigenorganiserte aktivitetar innanfor idrett og friluftsliv.