Anleggsstrategi for Nordfjordeid sentrum

Anleggsstrategi for Nordfjordeid sentrum

Idrettsmiljøet har i samarbeid med Stad kommune og TINKR gjennomført eit innsiktsarbeid knytt til anleggsstrategi for idrett i Nordfjordeid sentrum.

 

Formålet med innsiktsarbeidet er å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag om idretten sine behov i høve anleggsutvikling i Nordfjordeid sentrum. Arbeidet vart gjennomført etter ynskje frå idretten sjølve og frå administrasjonen om å få avklaringar på vidare planar for idrettsanlegg. Spesielt har fotballmiljøet og hestemiljøet signalisert ynskjer om eit koordinert arbeid frå kommunen på dette. Våren 2022 blei det vedtatt å sette av ressursar til innleige av Tinkr for å bidra inn i eit innsiktsarbeid som kan leie til eigne beslutningar, men også vere eit grunnlag inn i anna planarbeid i kommunen, herunder sentrumsplanen. 

Innsiktsdokument - Anleggsstrategi idrett - Nordfjordeid sentrum (PDF, 757 kB)