Stad

Kartlegging av ferdseslsårer for friluftsliv

Kartlegging av ferdseslsårer for friluftsliv

Formålet var å kartlegge ferdselsårene for friluftsliv i kommunen, slik at ferdselsårene vert allment kjent og at desse vert teke omsyn til i arbeidet med kommunale planar, vedtak og prioriteringar.

Prosjektet vart gjennomført i 2021 til 2022 som ei vidareføring av kartlagte friluftslivsområde. 

Friluftslivets ferdselsårer i Stad kommune

Denne kartlegginga er kopla til Kartverkets kartløysing for turruter - som ligg til grunn for ulike turappar. 

Kartlegginga ligg også til grunn for turboka OPPTUR STAD.

Stad kommune skal starte opp arbeid med kartlegging av ro- og padleruter i 2023.

OPPTUR STAD skildrar dei beste turopplevingane i Stad kommune i Nordfjord.

Boka inneheld 146 turar, dei aller fleste fotturar til fjells. Her er også sentrumsvandringar.