Kommunedelplan for helse og omsorg

Kommunedelplan for helse og omsorg

Stad formannskap har vedteke å starte arbeidet med ny kommunedelplan for helse og omsorg. Planen skal følge opp kommuneplanen sin samfunnsdel, og vere ein strategisk plan med vekt på utvikling av samfunn og tenester, som møter samfunnsutfordringane på kort og lang sikt.

Status for planarbeidet

Stad formannskap vedtok planprogrammet 9. juni 2022.

17.10-19.10.22 ble det gjennomført arbeidsverkstad i politiske råd og utval. Sjå resultatet frå arbeidsverkstaden her.

TINKR ved Anders Wengen kjem til Stad for å gjennomføre arbeidsverkstad med eksterne aktørar 6.-8. februar.

Ansvar og mandat 

Kommunedelplanen vert utarbeidd etter reglane i plan- og bygningslova kapittel 11, og skal vedtakast av Stad kommunestyre. Fram til endeleg vedtak er det formannskapet som tek avgjersler knytt til planprogram og offentleg ettersyn av planforslag. Alle politiske råd og utval er involvert i den politiske behandlinga.

Planprogrammet er førande for planarbeidet, både for prosess og innhald. 

Planprogram for kommunedelplan helse og omsorg 2023-2035

Medverknad

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om utviklingsretning og satsingar som du meiner er viktig. 

Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan.

Innsiktsfase

Første del av planarbeidet vil vere ein innsiktsfase. I denne fasen vil det bli utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag som dannar grunnlag for å ta val knytt til strategiske satsingar for framtida.

Kunnskapsgrunnlaget vil handle om viktige tema og vere omfattande med utfyllande kunnskap om status i høve helse og omsorg i Stad kommune, og utviklingstrekk og satsingar nasjonalt, regionalt og lokalt. Her vil både utfordringar og moglegheiter vere tema. I arbeidet med kunnskapsgrunnlaget vil det også bli gjort nærare greie for avgrensing i planarbeidet oppimot andre planar, anna planarbeid, samt korleis helse og omsorg heng saman med andre tema og korleis det strategiske nivået heng saman med meir utdjupande tema- og handlingsplanar.

Gjeldande plan

Fram til ny plan vert vedteken vil Eid kommune sin kommunedelplan for helse og omsorg 2018-2030 vere gjeldande. 

Eid - kommunedelplan for helse og omsorg 2018-2030

Denne spørjeundersøkinga vert utført i samband med utarbeiding av kommunedelplan for helse og omsorg. Vi i prosjektgruppa ønsker å hente inn kunnskap og få synspunkt frå ulike fagfelt gjennom einingane i kommunen. 

Denne artikkelen inneheld informasjon om spørjeundersøkinga.  

Svar på spørjeundersøkinga skal sendast inn via Forms. 

Arbeidsverkstadane vart gjennomført i samband med kommunedelplan for helse og omsorg. Formålet er å utvikle samskapingstanken blant politikarar og leiarar i Stad kommune. 

 

Stad formannskap vedtok planprogrammet for arbeidet med kommunedelplan for helse og omsorg 2023-2035 i F-sak 22/074, 9. juni 2022. 

 

Formannskapet i Stad kommune vedtok 24. mars 2022 å starte opp arbeidet med kommunedelplan for hele og omsorg 2023-2035, og å legge ut forslag til planprogram til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 20. mai 2022.