Kombinasjonen av den demografiske og økonomiske utviklinga vår, gjer at vi må tenke nytt rundt helse og omsorg.
Utviklinga i samfunnet vårt fører til at det blir færre barn og unge, færre i yrkesaktiv alder og fleire eldre. Samtidig blir helsa vår stadig betre og forventa levealder aukar. Best helse finn vi blant dei med lang utdanning, god inntekt og som lever i parforhold. Vi veit at helsa er best i unge leveår. Helsa endrar seg gjennom livet og det er normalt å ha fleire helseproblem når ein vert eldre. Dette inneber at behovet for helsetenester vil auke, samtidig som tilgangen på arbeidskraft vil bli redusert.
Figur: Viser Stad kommune si folketalsutvikling til 2050. Kjelde SSB Tabell 13600 (alternativ: MMMM)
Venta endring i utgiftsbehov ved endringar i folketalsutvikling (henta frå Budsjett 2023 - Handlingsprogram 2023-2026): "Den største veksten i utgifter i pleie og omsorg er venta frå 2025 og utover, når etterkrigskulla vert 80+. Det er venta ein nedgang i utgifter til barnehage og grunnskule då talet på born og unge går ned. Denne forventa endringa vil påverke kommunen sine inntekter. Velferdssamfunnet vårt er bygd på yrkesaktivitet, vi vil difor få ei stor utfordring i korleis vi definerer og løyser kommunen sine oppgåver i framtida. Fokus på innovasjon, samarbeid på tvers av tradisjonelle skilje, klima, miljø, digitalisering og robotisering blir sentrale tema framover.
Utgifter til helsetenester retta mot enkeltbrukarar er sterkt veksande for heile landet, også for Stad kommune. Spesielt har vi sett dette innafor psykiatri og vernepleie. Desse to tenesteområda står for ein stor del av veksten i kommunen sine samla utgifter til tenesteyting dei siste åra. Sidan 2004 har staten sine utbetalingar til kommunane for ressurskrevjande tenester blitt meir enn tre-dobla. Kommunane sin eigendel i tenestene har fått same veksten."
Anslag årleg endring i Stad kommune sitt utgiftsbehov (i 1000 kr) som følge av folketalsendring - 2023-2032.png
Premisser for ei berekraftig samfunnsutvikling er at vi har ei høg grad av sysselsetting og god helse blant innbyggarane. Utfordringa for Stad kommune er låg tilgang på arbeidskraft og større behov og forventingar til helse og omsorgstenester enn kommunen kan innfri med tilgjengelege ressursar.
Framover vil det vere viktig å dreie inn på helsefremmande og førebyggande arbeid for å betre helsa blant innbyggarane og arbeide samskapande for å ta alle ressursane i samfunnet i bruk. Illustrasjonen under, frå TINKR, viser kva som ligg i samskaping.
Samskapingsstruktur - illustrasjon utarbeidd av TINKR