Arbeidsverkstad
Det vart gjennomført arbeidsverkstadar 17.-19. oktober 2022 på følgande arenaer:
- Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- Eldrerådet
- Utval for kultur, idrett, næring og samfunn
- Utval for helse og omsorg
- Utval for oppvekst
- Leiarsamlinga
Arbeidsverkstaden var lagt opp med ein presentasjon av utviklingstrekk og avgrensing av tema til vidare arbeid med kommunedelplan for helse og omsorg, følgt opp av eit gruppearbeid i to delar: Første del handla om å validere kunnskapsgrunnlaget, andre del handla om å reflektere og tenke tankar om samhandling knytt til dette.