Temaplan for kultur

Temaplan for kultur

Stad kommune har starta arbeidet med å lage temaplan for kultur. Planen skal vere gjeldande for dei neste 12 åra, frå 2023 - 2035. 

Malakoff 

Status for planarbeidet

Planprogrammet, som viser korleis vi skal jobbe med temaplan for kultur, vart godkjent av Utval for kultur, idrett, næring og samfunn i 30. november 2021. Du kan lese heile planprogrammet her

Våren og sommaren 2022 har vi jobba med innsamling av kunnskap og innspel frå innbyggjarane våre. Hausten 2022 skal vi systematisere informasjonen vi har samla inn i eit kunnskapsgrunnlag og i ein plan med eit handlingsprogram. 

Planprogram 

Medverknad 

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Når vi no er inne i planprosessen er det viktig at vi får vite kva innbyggjarane våre tenkjer om kulturlivet i Stad! Er du nøgd? Er det noko du saknar? Er det noko vi kan legge til rette for slik at kulturlivet blir endå betre? Fram til 1. oktober kan du kome med dine tankar og innspel, og dette kan du gjere på fleire ulike måtar: 

Svar på spørjeskjema
Set av 5 minutt og svar på spørjeskjemaet du finn under! Du kan svare både som privatperson og på vegne av eit lag eller ein organisasjon. I dette skjemaet kan du også laste opp dokument dersom du ynskjer å gje oss lengre eller utfyllande svar på nokre av spørsmåla. Merk at grunna GDPR-reglar for personvern treng du bankID for å kunne gjennomføre spørjeskjemaet. 

Spørjeskjema til temaplan for kultur

Send oss ein e-post
Du kan også sende dine innspel til oss på e-post. Bruk adressa post@stad.kommune.no og merk med "kulturplan" i emnefeltet. 

TIl no har vi fått innspel frå ulike aktørar: 

  • Våren 2022 arrangerte vi opne folkemøter på Bryggja, Stadlandet og Nordfjordeid
  • Vi har hatt eit eige møte med kunstfeltet og kunstnarar busette i Stad kommune
  • Vi har hatt møte med kulturaktørane Malakoff Rockfestival, Opera Nordfjord, Norsk Fjordhestsenter, Selje regionale pilegrimssenter, Gamlebanken, Sagastad og Fjordane folkehøgskule
  • Vi har halde orienteringar og fått innspel frå ungdomssrådet, eldrerådet, råd for personar med nedsett funksjonsevne, utval for kultur, idrett, næring og samfunn, og frå tilsette i Stad kommune si kultureining. 
  • Innbyggjarar i Stad har sendt oss innspel på e-post og gjennom spørjeskjema på Stad kommune sine nettsider.

 

Kvifor lagar vi ein temaplan for kultur? 

Stad kommune har som målsetting å vere ein av Noregs beste kulturkommunar. For å klare dette treng vi målsetjingar, retningar for arbeidet og handlingsplanar. Kulturplanen skal:  

  • beskrive korleis Stad kommune saman med det frivillige og profesjonelle kulturlivet kan samarbeide.
  • omtale korleis Stad kommune skal vere ein aktiv kulturaktør, ein engasjert samskapingspartnar og ein kunnskapsrik tilretteleggjar for både det frivillige og profesjonelle kulturlivet i kommunen.
  • gje retning for korleis vi skal utvikle Stad som kulturell møtestad, synleggjere Stad sin eigenart og forankre rolla til kulturen i samfunnsutviklinga.
  • framheve kulturen sin eigenverdi.

Planen skal gjelde frå 2023-2035. Handlingsplanen skal rullerast kvart 4. år. 

Stad kommune lagar sin fyrste kulturplan, og vi vil ha dine innspel!