Kommunedelplan for oppvekst 2022-2033

Kommunedelplan for oppvekst 2022-2033

Stad formannskap har vedteke å starte opp arbeidet med ny kommunedelplan for oppvekst. Planen skal følgje opp kommuneplanen sin samfunnsdel, og sikre at Stad kommune har eit politisk styringsdokument og -verktøy som sikrar barn og unge ein god og trygg oppvekst i kommunen. Kommunedelplan for oppvekst skal møte samfunnsutfordringane våre på kort og lang sikt.

Status for planarbeidet 

Ny oppvekstplan vil snart bli lagt fram for politisk behandling.

Ansvar og mandat 

Kommunedelplanen vert utarbeidd etter reglane i plan- og bygningslova kapittel 11, og skal vedtakast av Stad kommunestyre. Fram til endeleg vedtak er det formannskapet som tek avgjersler knytt til planprogram og offentleg ettersyn av planforslag. Alle politiske råd og utval er involvert i den politiske behandlinga. 

Stad formannskap vedtok planprogrammet 9. september 2021. Planprogrammet er førande for planarbeidet – både prosess og innhald. 

Planprogram

Medverknad 

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om utviklingsretning og satsingar som du meiner er viktig.  

Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. 

Gjeldande plan 

Fram til ny plan vert vedteken vil Eid kommune sin kommunedelplan for oppvekst 2017-2029 vere gjeldande. 

Eid kommune - Kommunedelplan for oppvekst 0-19 år 2017-2029