Strategisk plan for Nordfjordeid

Strategisk plan for Nordfjordeid

Stad kommune har starta arbeidet med ein strategisk plan for Nordfjordeid. Gjennom den strategiske arbeidsprosessen skal ein diskutere og avklare kva forhold og problemstillingar som ein må og kan løyse no, og kva type problemstillingar ein ikkje kan løyse no og som må løysast på eit seinare tidspunkt. Strategiarbeidet skal munne ut i eit plandokument som skal gi klare føringar for Nordfjordeid si strategiske utvikling og det seinare arbeidet med arealplanar for Nordfjordeid, inkludert eit nytt næringsområde i nærleiken av Nordfjordeid. 

Arbeidsprosessen

Heile arbeidsprosessen blir dokumentert og gjort tilgjengeleg gjennom ei kartfortelling (Storymap). Kartfortellinga inneheld informasjon om framveksten til tettstaden Nordfjordeid og gir ei oversikt over dei kunnskapsgrunnlaga som er utarbeidd over tid, knytt til sentrumsutvikling og arealbruk. Kartfortellinga er ei levande side, som blir oppdatert undervegs i heile planprosessen. Resultat frå spørjeundersøkingar og andre opplegg for medverknad blir publisert så snart dei er klare. Til slutt vil den vedtekne strategien bli publisert.

Kartfortelling om Nordfjordeid sentrum

Status for planarbeidet 

Det strategiske arbeidet er planlagt gjennomført i perioden september 2022 og gjennom vinteren 2023. 

Det har no vore gjennomført 3 møter i Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid. 

Politisk forankring

Kommunestyret i Stad gjorde i møte 18. juni 2021, sak KS-21/086, vedtak om å starte opp eit strategisk utviklingsarbeid for Nordfjordeid sentrum. Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne her. 

Det er gjort fleire kommunestyrevedtak i tilknyting til denne saka. Desse er:

  • Sak KS-21/035: Informasjon om utførte moglegheitsstudiar og sak om prosessen vidare
  • Sak KS-21/143: Utviklingsprosjekt Nordfjordeid sentrum - organisering
  • Sak KS-22/078: Vedtak om midlar til arbeid med nytt sentrumsnært næringsareal
  • Sak KS-22/103: Mandat for oppgåveutval - Strategisk plan for Nordfjordeid
  • Sak KS-22/150: Val av medlemmer til oppgåveutval

Medverknad 

Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjaranes tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling.

Nokre aktivitetar er allereie planlagt medan andre vil kome til etter kvart. Les meir om medverknadsprosessane her:

Medverknad

Oppgåveutval

Stad kommunestyre har oppretta eit mellombels utval beståande av kommunestyrerepresentantar og representantar frå næringslivet på Nordfjordeid, som saman skal setje fokus på framtidig, berekraftig næringsutvikling på Nordfjordeid. Les meir om oppgåveutvalet her:

Oppgåveutval

Planar og dokument 

Sagaløypa - Nordfjordeid si kulturhistorie, utarbeidd i 2016 

Analyse frå 2018 Avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid

Analyse frå 2018 Handels- og sentrumsutviklingsanalyse for Nordfjordeid

Moglegheitsstudie frå 2020 "Med hjarte for Eidsgata"

Strateginotat frå 2021 Skulestaden Nordfjordeid

Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjaranes tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling.

Arbeidet med ein ny strategisk plan for Nordfjordeid femnar om mange tema, deriblant næringsutvikling. Stad kommunestyre har oppretta eit mellombels utval beståande av kommunestyrerepresentantar og representantar frå næringslivet på Nordfjordeid, som saman skal setje fokus på framtidig, berekraftig næringsutvikling på Nordfjordeid.

Utvalet har fått namnet "Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid". Utvalet skal etter planen ha fire arbeidsmøte, og møteplanen er tilgjengeleggjort under den ordinære møteplanen på kommunen si heimeside.

Kontakt

Kristine Dahl
Ass. kommunedirektør
E-post