Medverknad

Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjaranes tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling.

Medverknad 

Nokre aktivitetar er allereie planlagt medan andre vil kome til etter kvart. Under finn du informasjon om aktivitetar som har vore gjennomført:

Eidea

Eidea er eit konsept som er tenkt å virke som ein krafttank og katalysator for ulike prosjekt til fellesskapet på Nordfjordeid.

Sjå innspel frå arbeidsmøte i april

Sjå innspel frå arbeidsverkstad med 9. trinn

Spørjeundersøking

Det har blitt gjennomført to spørjeundersøkingar, ein undersøking retta mot næringslivet og ein innbyggjarundersøking. 

Sjå innspel frå innbyggjarane

Sjå innspel frå næringslivet

Utval for næring/oppgåveutval

Stad kommunestyre har vedteke at det skal setjast ned eit eige, mellombels utval for strategisk utvikling av Nordfjordeid med representasjon av politikarar og personar med ulik kompetanse og erfaring med strategisk arbeid, næring og samfunnsutvikling. Utvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid». Føremålet med ordninga er elles å styrke nærdemokratiet og lokal politisk leiing gjennom å samskape med omgjevnadane.

Informasjon om utvalet

Arbeidsøkt i kommunestyre og dei ulike råda

Det har blitt gjennomført to arbeidsøkter i høve det strategiske arbeidet. Arne Kringlen frå Norconsult bidrog i arbeidsøktene. 

Sjå innspel frå kommunestyremøtet 15.09.2022

Sjå resultat frå arbeid i råda 22.11.2022

Sjå arbeidsverkstad UAE og KISN 31.01.2023

Artikkelliste