Medverknad

Medverknad

Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjaranes tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling.

Medverknad 

Nokre aktivitetar er allereie planlagt medan andre vil kome til etter kvart. Under finn du informasjon om aktivitetar som har vore gjennomført:

Spørjeundersøking

Det har blitt gjennomført to spørjeundersøkingar, ein undersøking retta mot næringslivet og ein innbyggjarundersøking. 

Sjå innspel frå innbyggjarane

Sjå innspel frå næringslivet

Utval for næring/oppgåveutval

Stad kommunestyre har vedteke at det skal setjast ned eit eige, mellombels utval for strategisk utvikling av Nordfjordeid med representasjon av politikarar og personar med ulik kompetanse og erfaring med strategisk arbeid, næring og samfunnsutvikling. Utvalet skal levere eit diskusjonsnotat som summerer opp utvalet sine diskusjonar omkring temaet «Næringslivets betyding i eit levande og berekraftig Nordfjordeid». Føremålet med ordninga er elles å styrke nærdemokratiet og lokal politisk leiing gjennom å samskape med omgjevnadane.

Informasjon om utvalet

Arbeidsøkt i kommunestyre og dei ulike råda

Det har blitt gjennomført to arbeidsøkter i høve det strategiske arbeidet. Arne Kringlen frå Norconsult bidrog i arbeidsøktene. 

Sjå innspel frå kommunestyremøtet 15.09.2022

Sjå resultat frå arbeid i råda 22.11.2022

Sjå arbeidsverkstad UAE og KISN 31.01.2023

Tysdag 31 januar 2023 vart det gjennomført felles arbeidsverkstad i utval for areal og eigedom og utval for kultur, idrett, samfunn og næring. Arbeidet er ein del av det strategiske arbeidet for vidare utvikling av Nordfjordeid. 

Måndag 28. november 2022 vart det gjennomført ei felles arbeidsøkt med tematikken "Eit aldersvenleg Nordfjordeid" for ungdomsråd, eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Arbeidet er ein del av det strategiske arbeidet for vidare utvikling av Nordfjordeid. 

Med omgrepet "aldersvenleg" meiner vi her eit samfunn tilpassa ulike aldrar. I KS sin rettleiar blir eit aldersvenleg samfunn presentert slik: Universell utforming + Lokal kunnskap + Medverknad = Aldersvenlege lokalsamfunn.

Stad kommunestyre gjennomførte i kommunestyremøte 15. september 2022 ei arbeidsøkt knytt til det vidare arbeidet med strategisk plan for Nordfjordeid.

Stad kommune har starta arbeidet med ein ny strategisk plan for Nordfjordeid.  I samband med dette arbeidet er det gjennomført ei innbyggarundersøking, for å få innsikt i korleis innbyggjarane i Stad nyttar Nordfjordeid sentrum i dag og for å få innspel om vidare utvikling. 

 

Intervjua vart gjennomført over telefon i perioden frå 14. til 18. november 2022. 354 personar frå alderen 18 år og eldre busett i Stad kommune har blitt kontakta for å seie si meining. Under kan du lese kva eit utval innbyggjarar har meldt tilbake til kommunen.

 

Stad kommune gjennomførte i oktober ei spørjeundersøking retta mot næringslivet på Nordfjordeid. Denne hadde som føremål å kartlegge næringslivets forventningar til Nordfjordeid si vidare utvikling. Samtidig ønskte kommunen å få kunnskap om behov og utviklingsplanar som kan ha betydning for det strategiske planarbeidet.