Bustadpolitisk handlingsplan

Bustadpolitisk handlingsplan

Bustadpolitisk handlingsplan har ei overordna målsetting for bustadpolitikken:

«Innbyggjarar i Stad kommune har ein god stad å bu.»

Målsettinga er følgt opp av seks strategiske satsingsområde med tilhøyrande strategiar. Strategiane er utarbeidd med utgangspunkt i Stad kommune sin samfunnsdel og nasjonale og regionale føringar, og skal sikre at vi arbeidar på ein måte som gjer at vi når denne målsettinga.

Bustadpolitisk handlingsplan er ein temaplan og skal være eit politisk og administrativt styringsverktøy for den strategiske bustadpolitikken i Stad kommune.

Bustadpolitisk handlingsplan 2022-2030 (PDF, 857 kB)

Kunnskapsgrunnlag - bustadpolitisk handlingsplan 2022-2030 (PDF, 3 MB)

Formannskapet i Stad kommune vedtok 20. oktober 2022 å legge ut forslag til bustadpolitisk handlingsplan til offentleg ettersyn. Frist for å gje innspel er 15. november 2022.