Om eg var ordførar for ein dag

 

Barneskuleelevar i Stad vart i 2022 spurde om å kome med forslag til kva dei ville gjort om dei vart ordførar for ein dag.

Hensikten var å involvere klasser frå både barneskule og ungdomsskule. De som har barne- og ungdomsskule samla, kan melde på to klasser.

Prosessen 

Det vart i 2022 satt ned ein arbeidsgruppe for kommunedelplan for oppvekst, og i prosessen med å lage denne planen ønsker vi å få innspel frå dei som denne planen omhandlar - barn og unge.

Det vart laga ein plan for å involvere planens hovudgruppe. Først skulle ordføraren/varaordføraren kome på besøk ein torsdag eller fredag, deretter vart skulane oppfordra til å la elevane ha eit opplegg i klassa med tema "Kva hadde du gjort viss du hadde vore ordførar for ein dag?"

Det var ønskeleg at elevane hadde førebudd seg før representantar frå kommunen kom. Enten ved hjelp av heimelekse, eller arbeida i ein skuletime der ein skrive ned (gjerne digitalt) nokre setningar om kva dei ville gjort om dei hadde vore ordførar/varaordførar for ein dag. Det var og lov å vere kreativ, om det er nokon som vil teikne noko eller liknande. Dette arbeidet vart samla inn, og/eller tilsendt frå lærarane til administrasjonen etter økta. 

Innspela, sitert ordrett, frå barneskuleelevane finn du her: