Strategi for innkjøp i Stad kommune 2023-2026

Ein innkjøpsstrategi er ein langsiktig plan for å sikra kostnadseffektive kjøp av varer og tenester frå konkurransedyktige leverandørar, til avtalt kvalitet, tid og vilkår. Strategien skal bidra til å realisera dei overordna strategiane, målsetjingane og visjonane for verksemda.

Innkjøpsstrategien skal gi eit felles grunnlag for gjennomføring av innkjøp og sikre effektiv ressursbruk. Vi skal gjennomføre innkjøp i tråd med lov og forskrift og sikre krava til konkurranse, likebehandling og openheit. 

Strategien gjeld for alt innkjøpsarbeid som vert gjennomført i Stad kommune, på tvers av einingar og for alle fasar i ein innkjøpsprosess; frå planlegging til avslutning av kontrakten. 

Strategi for innkjøp i Stad kommune 2023-2026