Kommunedelplan for kulturarv Eid og Selje

Kommunedelplanene for kulturarv har som målsetjing å synleggjere kulturminna vi har i kommunen og gje dei merksemd. Slik kan alle i kommunen få litt meir kunnskap om historia kulturarven fortel oss. Til fleire som ser verdien kulturminna har som vår felles arv og identitet, til fleire vil bidra med å ta vare på kulturminna og sikre dei for framtidige generasjonar.

Planene for kulturarven vart laga for gamle Eid og Selje kommune. Mykje er omtala, men den grundige omtalen av det enkelte kulturminnet vil du ikkje finne her. Planene inneheld også ein handlingsdel som viser korleis ein skal arbeide vidare med å kartlegge, synleggjere og sikre kulturminna.

Kulturarven i form av kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap, skapar lokalt grunnlag for identitet og rotfeste, og gir oss kunnskap og forståing av at våre eigne tradisjonar representerer noko verdifullt.

Kommunedelplan for kulturarv Eid kommune 2017-2029

Kommunedelplan for kulturarv Selje kommune 2019-2029