Lokal transportplan

I lokaltransportplan er det fastsett eit overordna samferdselsmål: «Stad kommune tilbyr eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg transportsystem som dekkjer samfunnet sitt behov for transport, knyter kommunen saman og fremjer lokal utvikling»

Lokal transportplan vart vedteken av Stad kommunestyre i møtet 27. oktober 2022, KS-sak 22/134.

Den lokale transportplanen femner om alle delar av samferdsle, mobilitet og transport i kommunen. I planen er det ikkje berre sett mål og strategiar for det kommunale vegnettet, men og politikk for grøn omstilling og samarbeid med regionale og nasjonale aktørar. Også Stad kommune sin overordna samferdslepolitikk i saker som formelt høyrer heime i Nasjonal transportplan eller Regional transportplan er omfatta av denne planen. 

Planen er bygd opp rundt fire innsatsområde: 

  1. Samordna planlegging og grøn transport
  2. Kommunale vegar og hamner
  3. Trafikktrygging
  4. Statleg og regional infrastruktur

Lokal transportplan er ein kommunedelplan og skal være eit politisk og administrativt styringsverktøy for den strategiske samferdselspolitikken i Stad kommune.

Lokal transportplan 2022-2034