Temaplan for kultur 2023 - 2035

Stad kommune sin temaplan for kultur er gjeldande for dei neste 12 åra, frå 2023 - 2035. 

 

Malakoff Rockfestival

Status

I planstrategi for Stad kommune vart det 13.12.2019 vedteke å starte opp arbeid med temaplan for kultur. Planprogram vart vedteke i Stad formannskap 02.12.2021, og forslag til temaplan for kultur vart lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 06.12.2022 - 09.01.2023. Temaplan for kultur vart vedteken av Stad kommunestyre i møtet 9. februar 2023, KS-sak 23/017 

Temaplan for kultur

Kunnskapsgrunnlag for temaplan for kultur 

Medverknad 

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. I arbeidet med temaplan og kunnskapsgrunnlag har det vore brei involvering. Vi har invitert til innbyggjarmedverknad på fleire måtar. Dette har blitt gjort kjent gjennom avisannonser, redaksjonell omtale, på Stad kommune sine heimesider, gjennom Stad kommune sine sosiale media, og med oppslag, plakatar og flyers.

Det har blitt avhelde tre opne folkemøte våren 2022 på:

  • Bryggja grendahus
  • Operahuset Nordfjord
  • Stadlandet skule

Vi har invitert til eigne innspelsmøter med:

  • kunstfeltet i Stad
  • dei kulturelle fyrtårna
  • kulturarv-sektoren
  • tilsette i kultureninga i Stad kommune

Det har også vore arrangert arbeids- og innspelsmøter med:

  • Stad ungdomsråd
  • Stad eldreråd
  • råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • utval for kultur, idrett, samfunn og næring

Eit spørjeskjema låg ute på heimesidene til Stad kommune i perioden 10. mars – 1.
november, og det har også vore mogleg å sende inn innspel via e-post. Temaplanen låg ute til offentleg ettersyn i 4 veker i perioden 06.12.2022 - 09.01.2023. 

Kvifor lagar vi ein temaplan for kultur? 

Stad kommune skal ta ein aktiv posisjon i kulturregionen Vestland, og ynskjer å vere ein distriktspioner og eit kulturelt kraftsenter. Vi har ein visjon om at "Kultur byggjer lokalsamfunn". Kulturlivet i Stad er ein viktig faktor i den lokale samfunnsutviklinga, og denne planen skal både synleggjere og forankre kulturen si rolle. Ein heilskapleg kulturplan vil hjelpe oss å synleggjere satsingsområda våre, samt prioritere dei ulike strategiane og tiltaka som må til for å nå dei måla vi set oss. 

Det overordna kulturmålet vi har sett oss, lyder difor: "Stad kommune har eit rikt kulturliv der alle kan skape, oppleve og delta heile livet". Omgrepet "det kulturelle livsløpet" beskriv korleis du som innbyggjar skal kunne ta del i kulturelle opplevingar heile livet, tilpassa ulike aldrar og ulike funksjonsnivå. 

Temaplan for kultur omtalar også korleis Stad kommune skal vere ein aktiv kulturaktør, ein engasjert samskapingspartnar og ein kunnskapsrik tilretteleggjar for både det frivillige og profesjonelle kulturlivet i kommunen. Planen skal på den eine sida vere eit verktøy for å sikre at dei strategiske føringane kommunestyret legg for samfunnsutviklinga blir sett om til handling. På den andre sida skal planen vise og støtte opp under andre kulturaktørar si utvikling og utforske andre samskapingsformer. Saman med Stad kommune sine andre planar inngår kulturplanen i beslutningsgrunnlaget for økonomiplanen og handlingsprogrammet.

Temaplanen er inndelt i 7 innsatsområde. Kvart innsatsområde har delmål som skal vere med på å oppnå hovudmålet vårt, og strategiar og tiltak som skal oppfylle delmåla. Handlingsdelen i temaplanen skal rullerast kvart 4. år. 

Artikkelliste