Arbeidsprosessen
Heile arbeidsprosessen blir dokumentert og gjort tilgjengeleg gjennom ei kartfortelling (Storymap). Kartfortellinga inneheld informasjon om framveksten til tettstaden Nordfjordeid og gir ei oversikt over dei kunnskapsgrunnlaga som er utarbeidd over tid, knytt til sentrumsutvikling og arealbruk. Kartfortellinga er ei levande side, som blir oppdatert undervegs i heile planprosessen. Resultat frå spørjeundersøkingar og andre opplegg for medverknad blir publisert så snart dei er klare. Til slutt vil den vedtekne strategien bli publisert.
Kartfortelling om Nordfjordeid sentrum
Status for planarbeidet
Det strategiske arbeidet er planlagt gjennomført i perioden september 2022 og gjennom vinteren 2023. Arbeidsprosessen er forlenga til hausten 2024.
Det var planlagt gjennomføring av 4 møter Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid. Desse er gjennomført.
Som oppfølging av oppgåveutvalet si løypemelding til kommunestyret vart det gjennomført grunnundersøkingar i sjø og strandsone hausten 2023. Våren 2024 vart det sett i gong ein moglegheitsstudie som femner om fortetting, volumstudie, fjordfronten og handels- og næringsanalyse. Det blir òg jobba vidare med skule- og idrettsområdet og inkludering av barn og unge.
Ei administrativ prosjektgruppe jobbar no med å utarbeide eit strategidokument basert på oppgåveutvalet sine diskusjonar og innspel frå anna medverknad. Det er planlagt eit nytt møte i oppgåveutvalet 21. august der dei skal jobbe med utkast til strategiar og medverke til moglegheitsstudien. Strategidokumentet og moglegheitsstudien blir deretter lagt fram til politisk behandling til hausten.
Politisk forankring
Kommunestyret i Stad gjorde i møte 18. juni 2021, sak KS-21/086, vedtak om å starte opp eit strategisk utviklingsarbeid for Nordfjordeid sentrum. Utfyllande informasjon med tilhøyrande bakgrunnsdokument er å finne her.
Det er gjort fleire kommunestyrevedtak i tilknyting til denne saka. Desse er:
- Sak KS-23/030: Finansiering av områdeplan Nordfjordeid
- Sak KS-21/035: Informasjon om utførte moglegheitsstudiar og sak om prosessen vidare
- Sak KS-21/143: Utviklingsprosjekt Nordfjordeid sentrum - organisering
- Sak KS-22/078: Vedtak om midlar til arbeid med nytt sentrumsnært næringsareal
- Sak KS-22/103: Mandat for oppgåveutval - Strategisk plan for Nordfjordeid
- Sak KS-22/150: Val av medlemmer til oppgåveutval
- Sak KS-23/027: Vidareføring av utval i samband med strategisk plan for Nordfjordeid
Medverknad
Stad kommune ønskjer at mange stemmer skal bli høyrde i samband med arbeidet med ein strategisk utviklingsplan for Nordfjordeid sentrum. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få ein god plan. Det vert difor lagt opp til ulike former for medverknad i arbeidet. Innbyggjaranes tilbakemeldingar vil bli brukt til å kartlegge problemstillingar og tema som blir viktige å løyse i ein eller fleire nye arealplanar for Nordfjordeid, i tillegg til å utvikle mål og strategiar for ønska nærings- og samfunnsutvikling.
Nokre aktivitetar er allereie planlagt medan andre vil kome til etter kvart. Les meir om medverknadsprosessane her:
Medverknad
Oppgåveutval
Stad kommunestyre har oppretta eit mellombels utval beståande av kommunestyrerepresentantar og representantar frå næringslivet på Nordfjordeid, som saman skal setje fokus på framtidig, berekraftig næringsutvikling på Nordfjordeid. Les meir om oppgåveutvalet her:
Oppgåveutval
Planar og dokument
Sagaløypa - Nordfjordeid si kulturhistorie, utarbeidd i 2016
Analyse frå 2018 Avgrensing av sentrumsområde for Nordfjordeid
Analyse frå 2018 Handels- og sentrumsutviklingsanalyse for Nordfjordeid
Moglegheitsstudie frå 2020 "Med hjarte for Eidsgata"
Strateginotat frå 2021 Skulestaden Nordfjordeid