MELDING

Infoside om korona 

Information about corona in other languages

 

helsenorge.no  folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).
 

Info om vaksine og timebestilling 

Informasjon om KORONATESTING

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Står eg i manntalet?

Står eg i manntalet?

Manntalet for Stad kommune lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset på Nordfjordeid og kommunehuset i Selje så fort det vert tilgjengeleg. 

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ei kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet.

Veljarar busett i Noreg førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

 

Kva om eg bur i utlandet?
Er du busett i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, førast du automatisk inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje di siste bustadskommune om å bli ført inn i manntalet.