Tidlegrøysting og førehandsrøystingDu kan førehandsrøyste frå tysdag 10. august til og med fredag 10. september i kva kommune som helst. I Stad kommune kan du førehandsrøyste på rådhuset på Nordfjordeid og kommuneshuset i Selje i opningstida.Grunna smittevern oppmodar vi om førehandsrøysting. Opningstidene er: Rådhuset på Nordfjordeid: kl 08.00 - kl 15.30 Kommunehuset i Selje: kl 09.00 - kl 15.30 På valdagen må du røyste i kommunen du er folkeregistrert busett i per 30. juni 2021. Du kan røyste i kva som helst av vallokala i kommunen. Dersom du er i karantene, ber vi deg om å vente med å røyste til karantenetida di er ferdig. Dersom du er i isolasjon, skal du røyste heimanfrå. Du kan kontakte kommunen for å avtale tid. Er du sjuk eller ufør? Då kan du kontakte oss fram til kl.10 den 8. september om å førehandsrøyste heime. Kan du ikkje røyste i førehandsrøysteperioden eller på valdagen? Då kan du tidlegrøyste frå 1. juli. til og med måndag 9. august. Ved tidlegrøysting er det berre mogleg å røyste på parti, ikkje på person. Det er også mogleg å røyste frå utlandet frå 1. juli og fram til og med 3. september. Hugs legitimasjon. Publisert22.06.2021 15.40 Sist endra02.09.2021 09.56