Omval til fylkesting i Østfold - førehandsrøysting 13 - 24 november. Kommunal- og distriktsdepartementet har kjent fylkestingsvalet i Moss kommune for ugyldig. Det skal derfor haldast omval til fylkesvalet i Moss kommune. Valdagen er satt til måndag 27. november 2023.Veljarane kan førehandsrøyste i alle kommunene i landet frå mandag 13. november til 24.november. Stad kommune er førebudd på å ta i mot førehandsrøyster frå veljarar manntalsført i Moss kommune.Førehandsrøysting: Det vert mogeleg å førehandsrøyste på rådhuset i kommunen sine opningstider. Ambulerande røysting: om du på grunn av sjukdom eller uføre er hindra frå å møte i førehandsrøystelokalet kan du søkje om å få røyste heime. Frist for å søkje om ambulerande røysting er 21. november kl 12.00. Ta kontakt på e-post: post@stad.kommune.no eller ring: 57885800 Publisert 30.10.2023 10.25 Sist endra 06.11.2023 10.55