Røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsval

Norsk statsborgar som: 

  • vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som
  • er eller nokon gong har vore folkeregistrert som busett i Noreg, og som
  • ikkje har mista stemmeretten sin etter Grunnlova §53.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatstellet og husstanden deire har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Ikkje- norske statsborgarar som offyller krava ovanfor dersom dei

  • har stått innførte i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
  • er statsbortar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregistert som busett i Noreg seinast 30.juni i valåret.

Alle personar med stemmerett vert automatisk ført inn i manntallet i den kommunen der dei var registrert busett pr. 30.juni i valåret. 

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du har flytta frå. 

Manntalet vert lagt ut til ettersyn på Stad kommunehus frå midten av juli 2023.

Dersom du meiner å ha rett til å stå i manntalet, men ikkje er innførd der, kan du søkje om å bli innførd. Søknaden skal sendast til Valstyret i Stad kommune. Kommunen kan oppdatere manntalet heilt fram til valdagen.