Står eg i manntalet?

Manntalet for Stad kommune er lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset på Nordfjordeid og  kommunehuset i Selje. 

For å stemme må du ha stemmerett og stå i manntalet i ei kommune. 

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ei kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet. Veljarar busett i Noreg førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flyttar du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

Bur du i utlandet?
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk inn i manntalet i kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkje di siste bustadskommune om å bli ført inn i manntalet.

Veljarar med strent fortrulig adresse

Veljarar med strengt fortruleg adresse er ikkje innført i det ordinære manntalet kommunen har tilgang til, men kommunane får eit særskilt tileggsmanntal med oversikt over personar med strengt fortruleg adresse. Veljarar dette gjeld får eit eige brev frå Kripos om stemmegjeving. 

Krav om retting/innføring

Dersom du meiner noko er uriktig innført eller utelatt frå manntalet i kommunen, kan du krevje at valstyret undersøker og eventuelt rettar feilen jf valgloven §2-7 (1).

Krav om retting skal vere skrifteleg og grunngjeve, og skal sendast valstyret i Stad kommune så snart eventuelle feil blir oppdaga jf valgloven §1-7 (2). Adressa til valstyret er rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid eller e-post til post@stad.kommune.no