Søknad om kommunalt kompetansetilskot i samband med utdanning for tilsette i Stad kommune
Søknadsfrist: Kan søkje heile året, men før oppstart på utdanninga.
I særkilde tilfelle kan vi vurdere søknadar sett fram etter at søkjar har starta på utdanninga.
Kommunen vil gje støtte til utdanningar dersom vi har behov for denne kompetansen, og det ligg innanfor fastsett budsjett.
Før du søkjer
Før du søkjer utdanningstilskot og permisjon må du be om eit møte med leiaren din. Du må informere leiaren din om planane og avklare om studiet er noko som eininga eller kommunen har behov for og som kommunen kan tenkje seg å støtte. Di kompetanseheving må vere relevant for funksjonen og nyttiggjort i arbeidet. Vurderinga vil ha noko å seie for om du får innvilga permisjon med løn, delvis løn eller utan løn når studiedagar/eksamensdagar fell på dagar med arbeidsplan i kommunen.
Kor mykje kan du rekne med å få i tilskot
Det kan gis inntil kr. 15.000 pr. 15 studiepoeng(eitt semester).
Når får du svar
Du får tilbakemelding på søknaden innan ein månad.
Utbetaling av tilskot
For å få utbetalt tilskot må du gje skriftleg tilbakemelding om at du har gjennomført semesteret / studiet. Stadfestinga sendast til stab for personal og kommunikasjon. Vi ber om at tilbakemelding vert gitt innan 25.11
Tilskotet vert utbetalt som stipend og du må betale skatt av beløpet. Utbetalinga vert gjennomført på løna 12.12.
Bindingstid
Bindingstid kan avtalast med den enkelte dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte. Bindingstid er avgrensa til maks 2 år jf. HTA kap. 1 punkt 14.3 og gjeld frå det tidspunktet utdanninga er fullført og godkjent.
Utdanningspermisjon
Retten til utdanningspermisjon vert regulert av arbeidsmiljølova § 12-11, jf. også HTA kap. 1 punkt 14.2.
Du må drøfte med din leiar om det kan være aktuelt å få permisjon med løn. Einingsleiar og kommunalsjef bestemmer kva søknader som vert prioriterte.
Kortare permisjonar vert sakshandsama av einingsleiar.
Ved permisjonar over 1 månad tilrår einingsleiar og søknaden vert sakshandsama av stab for personal og kommunikasjon.
https://stad.kommune.no/sd/skjema/STAD058/Sknad_om_permisjon_