Søknad om skjenkeløyve
Dei som driv ein serveringsstad der det vert servert alkohol må ha eit serverings- og skjenkeløyve.
Vanlegvis gjeld skjenkeløyve for ein kommunestyreperiode, det vil seie 4 år.
Alle skjenkestader i kommunen må søkje på nytt kvart fjerde år om skjenkeløyve.
- Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.
- Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om serveringsløyve og skjenkeløyve før oppstart.
- Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om serveringsløyve og skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla.
Sakshandsaminga starter når fullstendig søknad med alle nødvendige vedlegg er registrert mottatt.
Meir informasjon finn du her