SFO-tilbod i veke 33
Tilbodet om SFO i veke 33 gjeld barn som søkjer fast plass på SFO skuleåret 2025-2026.
SFO er ope kl 07.30 - 15.30 - men det må vere minst 5 elevar påmelde kvar dag for at skulane tilbyr SFO.
Betalingssatsar for SFO-tilbodet er kr 400,- pr dag.
For elevar på 1.- 3. trinn gjeld moderasjonsordninga om gratis SFO:
Fem av fem vekedagar gir 12 timar gratis SFO etter timesats for «kjøp av dag i ferie»
Fire av fem vekedagar gir 9,5 timar gratis SFO etter timesats for «kjøp av dag i ferie»
Tre av fem vekedagar gir 7 timar gratis SFO etter timesats for «kjøp av dag i ferie»
To av fem vekedagar gir 5 timar gratis SFO etter timesats for «kjøp av dag i ferie»
Ein av fem vekedagar gir 2,5 timar gratis SFO etter timesats for «kjøp av dag i ferie»
Påmeldingsfrist er 10. juni 2025, og påmeldinga er bindande.