Lokal fritidskasse
Fritidskassa skal dekke kostnader med medlemskontingentar, treningsavgifter, deltakaravgift og utstyr til born og unge frå 0 til og med 24 år i Stad kommune for at dei kan kunne delta i fritidsaktivitetar.
Dette gjeld både aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar, og kommunen.
Lag og organisasjonar kan no søke dekning for uteståande medlemskontingentar, reiseutgifter, treningsavgifter og deltakaravgift for 2024. Samla pott som vert delt ut er kr. 90.000,-
Søknad skal leverast digitalt innan 01.11.2024
Fordelinga av tilskotet til det enkelte lag og organisasjon, blir gjort administrativt etter følgjande reglar:
- Laget må ha eit styre, betalande medlemmar og føre eige rekneskap.
- Laget må vere registrert i Frivilligregisteret og ha eige organisasjonsnr.
- Sum uteståande midlar og tal born og unge dette gjelder må være med i søknaden. Ordninga skal vere ikkje stigmatiserande og minst mogleg synleg.
- Tildelinga blir gjort administrativt ut i frå budsjett og mottatt midlar frå Bufdir.
- Ordninga gjelder for lag og organisasjonar som aktiviserer barn, unge og personar med funksjonsnedsettelse frå 0 til 24 år i Stad kommune.
Tildeling/ utbetaling:
- Vedtak om tildeling av midlar blir sendt til den som står som kontaktperson for søknaden.
- Tildeling blir utbetalt til søkar og ikkje direkte til vedkomande.
- Tildelte midlar blir innan 1 månad utbetalt til det kontonummer som står oppgjeve i søknaden før 01.12.2024