MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Betale faktura

Skal du betale faktura frå kommunen?

Økonomiavdelinga har teke i bruk ei ny ordning for utsending av fakturaer. Her finn du info om korleis du skal gå fram når du skal betale faktura frå Stad kommune.

Når faktura blir sendt ut sjekkar systemet om kunden har e-faktura, Vipps-faktura eller digital postkasse. Dersom du ikkje har dette, blir papirfaktura sendt ut pr. post. 
 
Vi ønskjer at flest mogleg brukar Avtalegiro ved fakturabetaling. 
 
Ingen av avtalane for Avtalegiro og E-faktura frå Eid og Selje kommunar er automatisk vidareført. Det betyr at alle må opprette nye Avtalegiro og E-faktura avtaler på fakturaer som kjem frå Stad kommune. Det må opprettast avtalegiro for kvar teneste.
 
Dei nye avtalane opprettar du i nettbanken, eventuelt tek du kontakt med din bankforbindelse.
Vår e-fakturareferanse er eit nummer på 8 siffer (00+kundenummer). I Stad kommune vil dette referansenummeret byrje med 003XXXXX. Referanse for avtalegiro/e-faktura står nedst på fakturaen.
Har du spørsmål om faktura skal du ta direkte kontakt med tenestene. 

Betal med AvtaleGiro og/eller eFaktura!

Avtalegiro

  • Du blir varsla om neste trekk – då har du full kontroll med rekningane dine
  • Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall – då slepp du å betale giroen i banken/nettbanken
  • Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta i ettertid – då får du god oversikt
  • Avtalegiro

eFaktura

  • Har du nettbank og ønskjer å betale rekningane sjølv, kan du ta i bruk eFaktura
  • Med eFaktura får du rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken
  • Har du svart «Ja takk til alle» for å motta eFfaktura i din nettbank vil vi sende den som eFaktura utan at du har knytte Faktura særskilt med Stad kommune
  • For å inngå avtale går du inn i nettbanken din. Under fana for betalingar finn du avtaler/nye avtaler. Der finn du ”eFaktura” og registrerar dei opplysningane du blir beden om. Om du får spørsmål om ditt eFakturareferansenr., finn du det nedst på fakturaen du har motteke
  • eFaktura

Du kan kombinere AvtaleGiro og eFaktura. Då vil belastninga bli utført på forfallsdato med AvtaleGiro, og eFaktura m/spesifikasjon av fakturaen vil fungere som varsel for betalinga. Du vil motta varsel pr e-post når eFakturaen er tilgjengeleg i din nettbank. For kombinasjonen må du fylle ut svarkupongen for AvtaleGiro + inngå eFaktura avtale i nettbanken.

NB! Det kan ta litt tid før AvtaleGiro trer i kraft, slik at om du mottek giroar frå oss pr. post, Digipost eller Vipps, må desse betalast på vanleg måte.

Info med avtaleskjem for Avtalegiro (PDF, 56 kB)

Om du har spørsmål, kontakt økonomiavdelinga ved Aud Espe Haraldsen eller Dag Rune Eimhjellen tlf. 57 88 58 00 e-post: faktura@stad.kommune.no

Betalingsinformasjon

  • Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
  • Bankkontonummer: 3720.18.44968, Sparebanken Vest
  • Organisasjonsnummer: 921060157


Stad kommune
Økonomiavdelinga