Skal du betale faktura frå kommunen?

Økonomiavdelinga har teke i bruk ei ny ordning for utsending av fakturaer. Her finn du info om korleis du skal gå fram når du skal betale faktura frå Stad kommune.

Når faktura blir sendt ut sjekkar systemet om kunden har e-faktura, Vipps-faktura eller digital postkasse. Dersom du ikkje har dette, blir papirfaktura sendt ut pr. post. 
 
Vi ønskjer at flest mogleg brukar Avtalegiro ved fakturabetaling. 
 
Ingen av avtalane for Avtalegiro og E-faktura frå Eid og Selje kommunar er automatisk vidareført. Det betyr at alle må opprette nye Avtalegiro og E-faktura avtaler på fakturaer som kjem frå Stad kommune. Det må opprettast avtalegiro for kvar teneste.
 
Dei nye avtalane opprettar du i nettbanken, eventuelt tek du kontakt med din bankforbindelse.
Vår e-fakturareferanse er eit nummer på 8 siffer (00+kundenummer). I Stad kommune vil dette referansenummeret byrje med 003XXXXX. Referanse for avtalegiro/e-faktura står nedst på fakturaen.
Har du spørsmål om faktura skal du ta direkte kontakt med tenestene. 

Betal med AvtaleGiro og/eller eFaktura!

Avtalegiro

  • Du blir varsla om neste trekk – då har du full kontroll med rekningane dine
  • Kontoen din blir automatisk belasta ved forfall – då slepp du å betale giroen i banken/nettbanken
  • Du får kvittering med forklarande tekst på kontoutskrifta i ettertid – då får du god oversikt
  • Avtalegiro

PS: Vi anbefaler at du set beløpsgrense dobbelt så høgt som du i dag har på faktura frå Stad kommune (pr. år 2021 er standard 10.000 på beløpsgrense avtalegiro i banken). Til dømes har du faktura på kr. 15.000 anbefaler vi
beløpsgrense kr. 30.000. Dette for å ta høgde for framtidige prisjusteringar og sikre at faktura blir betalt.

eFaktura

  • Har du nettbank og ønskjer å betale rekningane sjølv, kan du ta i bruk eFaktura.
  •  Med eFaktura får du rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken.
  • For å inngå avtale går du inn i nettbanken din og vel «Ja takk til alle» for efaktura.


NB! Det kan ta litt tid før AvtaleGiro trer i kraft, slik at om du mottek giroar frå oss pr. post, Digipost eller Vipps, må desse betalast på vanleg måte.

Info med avtaleskjema for Avtalegiro (PDF, 62 kB)

Om du har spørsmål, kontakt økonomiavdelinga ved Aud Espe Haraldsen eller Dag Rune Eimhjellen tlf. 57 88 58 00 e-post: faktura@stad.kommune.no

Betalingsinformasjon

  • Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
  • Bankkontonummer: 3720.18.44968, Sparebanken Vest
  • Organisasjonsnummer: 921060157


Stad kommune
Økonomiavdelinga