MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Min Eigedom

Min Eigedom

Min Eigedom er ei av fleire digitale sjølvbetente tenester Stad kommune no kan tilby for å gjere livet enklare og meir oversiktleg for deg som innbyggjar.

All informasjon samla på ein plass

Alle som har eigedom i Stad kommune kan no sjekke informasjon om eigedomen sin via portalen Min Eigedom.

Min Eigedom fungerer som ein døgnopen digital teneste som gjer det enkelt for kommunen å tilby riktig og oppdatert informasjon til deg som innbyggjar i Stad.

Logg inn med ID-porten

Du treng ikkje å registrere deg. Du loggar deg enkelt inn via ID-porten og får tilgang på opplysingar om eigedomar der du er registrert som eigar.

Logg inn:
 
Min Eigedom

Om tenesta

Her får du innsyn i all informasjon om kommunale avgifter, forbruk o.l knytt til vatn, avløp og div eigarforhold m.m. 
• Oversikt over kommunale avgifter (frå 2021 også eigedomskatt)
• Historikk på tidlegare betalte kommunale avgifter
• Du kan stille spørsmål eller melde ifrå om feil/manglar direkte til Stad kommune via elektronisk skjema
• Grunnbok- og matrikkelopplysingar om dine eigedomar

Min Eigedom gjev deg innsyn i dei eigedomane du eig sjølv. Ønsker du innsyn i andre eigedomar eller områder, må du fortsatt ta kontakt med kommunen.

Informasjon fra andre myndigheiter og kommunar

Tenesta er under utvikling, og etter kvart vil du også få tilgang andre statlege data om din eigedom.

Har du eigedomar i andre kommunar, må desse kommunane også tilby MinEigedom for at du skal få tilgang til all informasjon. Om kommunane ikkje har registrert seg, vil du likevel få tilgang til grunnbok- og matrikkelopplysingar.