Om tenesta

Om tenesta

Opplæring og integrering har ansvar for mottak og busetting av flyktningar, opplæring av flyktningar og sysselsetting av flytkningar i Stad kommune. Eininga er sett saman av vaksenopplæringa, integreringstenesta og miljøteamet.

Eininga spelar ei viktig rolle når det gjeld realisering av mange av dei strategiske satsingane innan mottak, busetting, integrering, opplæring og sysselsetting av flyktningar, og flyktningane sin deltaking i samfunnslivet.

Stad kommune buset flyktningar etter avtale med IMDI (integrerings og- mangfaldsdirektoratat). Det er integreringstenesta i Opplæring og integrering som har ansvaret for denne jobben. Opplæring og integrering ligg under kommunalområdet Oppvekst og læring i Stad kommune. 

I Stad kommune har vi eit vedtak om å busette 30 personar pr år i 2021. Det er Integrerings og- mangfaldsdirektoratet (IMDi) som tildeler kommunane flyktningar etter gitte kriteria.  

Vi har jamleg kontakt med IMDI frå vi får melding om at det er personar eller familie som er klare for busetting fram til vedkomande kjem til kommunen.

Flyktningar som ønskjer busetting i Stad kommune, må ta kontakt med busettingsansvarleg på deira mottak. Mottaket tar kontakt med IMDI som styrer busetting i kommunane.  Flyktningar som har fått avtale om busetting kan begynne å lete etter bustad.  Dei vil få bistand frå Integreringstenesta til dette arbeidet.

Kontakt

Gro Iren Nedreberg
Einingsleiar opplæring og integrering
E-post
Telefon 57 86 22 72
Mobil 456 01 266
Karl Anders Helset
Rektor vaksenopplæring
E-post
Mobil 459 73 752

Adresse

Besøktsadresse: LA-bygget, Langelandåsen 23, 6770 Nordfjordeid
Postadresse: Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid