MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Meldeplikt

Meldeplikt

Dersom du er bekymra for om eit barn er utsatt for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, har du som offentleg tilsett meldeplikt til barnevernstenesta.  

Meldeplikt for offentleg tilsette

Offentleg tilsette skal på eige initiativ, utan at teieplikta hindrar dei, gje opplysningar til barnevernstenesta:

  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt
  • når det er grunn til å tru at eit barn med ein livstrugande eller annan alvorleg sjukdom eller skade eller med særskilde hjelpebehov ikkje får dekt det særlege behovet sitt for undersøking, behandling eller opplæring
  • når eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller ei anna form for normlaus åtferd
  • når det er grunn til å tru at eit barn blir eller vil bli utnytta til menneskehandel

Vilkåra for å melde bekymring til barnevernstenesta utan samtykke er strenge. Dersom du er i tvil om vilkåra er innfridde, kan du drøfte saka anonymt med barnevernstenesta.

Melding til barnevernstenesta kan du sende på eige skjema, ved å skrive brev, ved personleg oppmøte eller per telefon. Privatpersonar kan også melde til barnevernstenesta eller ta kontakt for å drøfte ei bekymring.

Bekymringsmelding skal du sende til Barnevern i Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Bekymringsmelding til barnevernstenesta

Kontakt

Bjarte Gangeskar
Barnevernsleiar
E-post
Mobil 477 14 964

Organisasjonsnummer 983 802 494