Kven kan få tilbod?
- Heimebuande eldre som har behov for aktivisering og sosial kontakt på dagtid
- For å bli godkjend for dagtilbod må det fysiske eller psykiske funksjonstapet ditt vere slik at du ikkje sjølv kan ivareta dei sosiale behova dine
- For å få tilbod om dagtilbod ved Seljetunet må du ha ei demensdiagnose
- Pårørande med særleg tyngjande omsorgsoppgåver som treng avlastning
Søknad
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du fylle ut ei skriftleg fullmakt og legge ved. Du brukar felles søknadsskjema om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. Det er ikkje søknadsfrist. Søknadene vert behandla fortløpande.
Søk om helse- og omsorgstenester
Prisar
Pris for dagtilbod vert fastsett av kommunestyret årleg.
Betalingssatsar i Stad kommune (PDF, 2 MB)
Behandling av søknad
Søknad om dagtilbod vert behandla av tildelingsteamet i Stad kommune. Søknad vert vurdert med grunnlag i gjennomført kartlegging og funksjonsvurdering (IPLOS). Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom du ikkje får svar innan ein månad, skal du ha fått melding om årsaka til det. Du får tilsendt eit grunngjeve vedtak.
Du kan klage på vedtak om helse- og omsorgstenester innan fire veker etter at du mottok vedtaket. Forklar kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Send klagen til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål om søknaden din kan du ta kontakt med kontaktpersonar i Stad kommune.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven