Førebyggjande heimebesøk

Dei fleste 75-åringar er stort sett aktive og har gode kvardagar. Stad kommune ønskjer å støtte opp om dette. Vi tilbyr derfor førebyggjande heimebesøk til 75-åringar. Tanken er å gi nyttig informasjon tidleg, slik at den enkelte kan gjere nødvendige tiltak medan ein enno er ung og sprek.

Fysio- og ergoterapitenesta tilbyr heimebesøk som ein uforpliktande samtale. Formålet er å gi kvar enkelt informasjon og råd som kan bidra til ei god helse og ein meiningsfylt kvardag. Tema i samtalen kan vere:

  • Tilrettelegging og tryggleik i heimen
  • Fysisk aktivitet
  • Korleis førebyggje fall
  • Kosthald
  • Informasjon om kommunale tenester
  • Velferdsteknologi

I tillegg kan vi gje gode råd om kva tiltak ein kan gjere med bustaden for å kunne bu heime lengst mogleg.

Tilsette i fysio- og ergoterapitenesta i Stad kommune sender brev med framlegg til tidspunkt for heimebesøk. Heimebesøk er eit gratis og frivillig tilbod. Dei som utfører arbeidet, har teieplikt.

Ta kontakt

Dersom du har spørsmål om førebyggjande heimebesøk, kan du ta kontakt med ergoterapeut i eining for helse.

Infohefte om heimebesøk (PDF, 614 kB)

Kontakt

Hilde Isane Hjelle
Ergoterapeut område Eid
E-post
Mobil 95 03 79 93

Hukommelseteamet
Ved spørsmål om kartlegging, råd og rettleiing 

Nina Beate Raad Osmundsvåg
Ergoterapeut område Selje og Bryggja
E-post
Mobil 99 58 46 61

Hukommelseteamet
Ved spørsmål om kartlegging, råd og rettleiing 

Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00