KvardagsrehabiliteringEr aktivitetar i kvardagen blitt meir utfordrande? Skulle du ønske at du framleis kunne utføre desse? Då kan kvardagsrehabilitering vere noko for deg.Kvardagsrehabilitering er trening og tilrettelegging som føregår i heimen eller nærmiljøet ditt. Målet med kvardagsrehabilitering er at du skal meistre din eigen kvardag. Tilbodet varer i ei tidsavgrensa periode på 4-6 veker, der du trener på aktivitetar som er viktige for deg. Saman med deg trener vi på dine aktivitetar, med mål om at du skal bli sjølvstendig og vidareføre treninga etter at tilbodet er avslutta. Kvardagsrehabilitering er eit nytt prosjekt i Stad kommune, og vil i løpet av prosjektperioden (2020) vere eit tilbod for innbyggjarar i Selje, på Stadlandet og Flatraket.Kven er vi?Vi er ei tverrfagleg gruppe beståande av sjukepleiar, hjelpepleiar, ergoterapeut og fysioterapeut. Saman med deg gjennomfører vi eit vurderingsbesøk og utarbeider ein tiltaksplan dersom du er aktuell for kvardagsrehabilitering. Vi byrjar med å spørje deg om kva aktivitetar som er viktige for deg å meistre, og kjem heim til deg for å bistå deg i treninga for å nå dine mål. Tilsette i heimesjukepleien er òg delaktige i oppfølginga.Kven er du?Du som bur heime og som tidlegare har klart deg sjølvstendig, men som no har behov for bistand på grunn av endra funksjonsnivåDu som har eit ynskje om å vere mest mogleg sjølvstendig i kvardagen, og som har nokre aktivitetar som du tidlegare meistra og gjerne skulle meistra igjenDu som er motivert for og evnar å gjere ein innsats for å nå måla dine om å bli meir sjølvhjulpenKva kan vi til dømes trene på? På-/avkledning Dusj og stell Tillaging av måltid Enkelt husarbeid Gå i trapp eller utandørs Handle på butikken eller dra på besøkSøknadDu nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva aktivitetar som er viktige for deg.SøknadskjemaPrisTenesta er gratis.Behandling av søknadDet er sakshandsamar i Stad kommune som vurderer søknaden din. Sakshandsamar tek kontakt med deg for vurdering, og gruppa som arbeider med kvardagsrehabilitering tek deretter kontakt for å kome på heimebesøk og gjere vidare kartlegging før oppstart av kvardagsrehabilitering. Du får eit skriftleg svar på søknaden din.Brosjyre kvardagsrehabilitering (PDF, 893 kB) Publisert18.09.2020 13.13 Sist endra15.10.2020 11.36