Stad

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er teknologi som kan bidra til auka tryggleik, sosial deltaking, mobilitet og fysisk og kulturell aktivitet, og styrke den enkelte si evne til å klare seg sjølv i kvardagen trass i sjukdom, sosial, psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne. Velferdsteknologi kan også fungere som teknologisk støtte til pårørande og elles bidra til betre tilgjenge, ressursutnytting og kvalitet på tenestetilbodet. (NOU 2011:11 «Innovasjon i omsorg»)

Kva vi kan tilby

Stad kommune kan tilby fleire ulike velferdsteknologiske løysingar.

Digital tryggleikssalarm er eitt av kommunen sine tilbod. Det er mogleg å koble på annan teknologi som kan gi meir fleksibel og individuelt tilpassa vidarevarsling ved behov for hjelp i heimen. Døme er:

  • Sengesensor/trykksensor: løysing som varslar om du står opp om natta og ikkje kjem tilbake til senga 
  • Aktivitetssensor: løysing som varslar om det er manglande aktivitet over eit lengre tidsrom
  • Røykvarslar: løysing som varslar brann vidare til Alarmsentralen i Florø
  • Dørsensor: løysing som varslar om du går inn eller ut av bustaden din om natta

Elektronisk medisindosett minner brukaren på å ta medisin til rett tid. Dosetten matar ut medisin til fast bestemte tider, og sender alarm til pårørande eller heimetenesta om medisinen ikkje vert teken til rett tid.

Kommunen nyttar utstyr som kan koblast opp mot tryggleiksalarm frå Alarmsentralen i Florø. Det vert arbeidd med å skaffe teknologi som kan gjere det mogleg å gi endå meir individuell tilpassing til den enkelte brukaren.

Slik søkjer du

Send søknad om helse- og omsorgstenester til heimetenestene i Stad kommune, der du skildrar behovet og kva slags funksjonsnedsetting du har. Etter at du har sendt inn søknad, vil helsepersonell avtale tid for ei kartlegging av det som er viktig for at du skal kjenne deg trygg og sikker. Om det vert vurdert at du kan ha nytte av denne typen velferdsteknologi, vert løysingane installert og følgde opp av kommunen. 

Søknadskjema

Ta kontakt

Har du spørsmål om velferdsteknologi, kan du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta eller heimetenestene i Stad kommune.

Kontakt

Hilde Isane Hjelle
Ergoterapeut område Eid
E-post
Mobil 95 03 79 93

Hukommelseteamet
Ved spørsmål om kartlegging, råd og rettleiing 

Stad kommune
E-post
Telefon 57 88 58 00
Hilde Barmen
Rådgjevar velferdteknologi
E-post
Telefon 90 15 49 95