Heimehjelp – praktisk bistandHeimehjelp (praktisk bistand og opplæring) er eit tilbod til deg som på grunn av sjukdom treng hjelp til å utføre praktiske gjeremål. Målet er at du skal halde fram med å bu heime. Du må betale for heimehjelp. Dette kan du få hjelp til Reingjering av opphaldsrom, støvsuging, støvtørking og golvvask, vask av bad/wc Klesvask i vaskemaskin etter behov Skifte av sengekle, stryking og vask av vindauge Hjelp til tilrettelegging av måltid etter behov Innkjøp av daglegvarer, dersom ikkje andre ordningar let seg etablere Opplæring, rettleiing og støtte i husarbeid, personleg stell med meir Søknad Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Her kan du søkje helse- og omsorgstenester Prisar Det er husstanden si inntekt som avgjer kva du må betale for heimehjelp. Betalingssatsar i Stad kommune Behandling av søknad (PDF, 737 kB) Det er heimetenesta i Stad som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk der dei kartlegg behova dine. Du får eit skriftleg svar på søknaden din. Dersom det ikkje er mogleg å gje deg eit skriftleg svar innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka. Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen og sende han til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid. Har du spørsmål? Om du har spørsmål om søknaden din, kan du ta kontakt med heimetenesta i det området du bur. Lover og forskrifter Helse- og omsorgstjenesteloven Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester Publisert31.10.2019 10.59 Sist endra01.03.2022 11.12