MELDING

Info om korona

Information about corona in various languages
helsenorge.no   folkehelseinstituttet.no

Nasjonal infotelefon om koronavirus: 815 55 015 (kvardagar kl. 08-15.30).

Informasjon om KORONATESTING i Stad kommune

Rådgjeving frå Stad kommune om koronavirus og smittevern:
e-post korona@stad.kommune.no

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie omfattar hjelp og rettleiing til eldre og sjuke som bur heime. Alle som oppheld seg i kommunen og som på grunn av nedsett helse har behov for hjelp, kan få vedtak om heimesjukepleie.

Dette kan du få hjelp til

  • Hjelp med medisinar og medisinske prosedyrar
  • Sårstell, urinprøver, blodprøver og injeksjonar som du ikkje kan få utført på det lokale legekontoret ditt
  • Rettleiing i helsespørsmål og ernæring
  • Rettleiing og opplæring i bruk av utstyr som til dømes velferdsteknologi, dosett, augedropar
  • Omsorg ved livets slutt

Søknad

Du nyttar skjema for søknad om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.

Her kan du søkje om helse- og omsorgstenester

Prisar

Det er inga eigenbetaling for heimesjukepleie. Dersom du får heimesjukepleie, kan du etter tre månader ha rett til gratis tannhelsetenester.

Behandling av søknad

Det er heimetenesta i Stad kommune som vurderer søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk der dei kartlegg behova dine. Du får eit skriftleg svar på søknaden. Dersom det ikkje er mogleg å gje deg eit skriftleg svar innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.

Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter at du mottok brevet. Du må grunngje klagen. Klagen skal du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.

Har du spørsmål?

Om du har spørsmål kan du ta kontakt med heimetenesta i det området der du bur.

Nordfjordeid 

Vakttelefon 480 06 141
Fagleiar Nordfjordeid (kontoret) 57 88 58 55 (telefontid frå 09.30-11 og kl. 13-14) 

Fossevegen 975 30 876
Fossevegen som er i gamlebygget 476 90 474 

Bryggja

Vakttelefon 901 34 158
Fagleiar Bryggja (kontoret) 947 86 526

Selje / Stadlandet

Vakttelefon Selje (24/7) 976 67 623 
Vakttelefon Stadlandet. Dag og kveld 951 40 595
Fagleiar Selje/Stadtl (kontoret) 905 63 047

Lover og forskrifter

Helse- og omsorgstjenesteloven

Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester

Kontakt

Anne Iren Naustdal
Einingsleiar heimetenesta
E-post
Mobil 924 12 748
Ingrid Hjelmeland
Assisterande einingsleiar heimetenesta Nordfjordeid
E-post
Telefon 975 30 265
Åshild Bruland
Assisterande einingsleiar heimetenesta Selje og Stadlandet
E-post
Mobil 979 90 462
Vakttelefon heimesjukepleien kveld, natt og helg
Telefon 480 06 141