Geografiske områder i heimetenesta
- Nordfjordeid (Sone aust, vest, området Bryggja og Fossevegen bufellesskap)
- Selje/Stadtlandet (Sone Selje, Seljetunet bufellesskap, Flatebø bufellesskap, sone Stadtlandet og Fredly bufellesskap)
Mål for tenesta
- Førebygge, behandle og legge til rette for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsett funksjonsevne
- Gje tenestetilbod på rett nivå ut i frå kartlegging av tenestemottakar sitt behov
- Tenestemottakar klarer seg i eigen bustad med nødvendig hjelp
- Behov for plass på institusjon vert unngått eller utsett
Kriterier for tildeling
Tenesta blir tildelt personar som bur eller oppheld seg i kommunen, og som oppfyller kriteria for å få nødvendig helsehjelp. Vedtak vert fatta i tildelingsnemda. I vurderinga vert det lagt vekt på om søkjaren ut frå ei sjukepleiefagleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggande behov. Søkjar må heilt eller delvis ha behov for hjelp til å ivareta eiga helse på ein fagleg forsvarleg måte. Tenesta er behovsprøvd og tidsavgrensa.
Heimetenesta tek kontakt med deg for å avtale eit kartleggingsbesøk dersom ein treng fleire opplysningar i saka. Du får eit skriftleg svar på søknaden. Dersom det ikkje er mogleg å gje deg eit skriftleg svar innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.
Du kan klage på vedtaket innan fire veker etter du har motteke det. Du må grunngje klagen. Klagen skal du sende til Stad kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
Søknad
Du nyttar skjema for søknad om helse- og omsorgstenester i Stad kommune. I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom du treng hjelp med støttestrømper, augedråpar eller multidose (dosering av medikament) kan du ta kontakt med ditt lokale apotek for utprøving av hjelpemiddel og privat multidose i første omgong.
Søk om helse- og omsorgstenester
Søknad om helse- og omsorgstenester papirutgåve (PDF, 131 kB)
Prisar
Det er inga eigenbetaling for helsetenester i heimen og personretta praktisk bistand. Dersom du får helsetenester i heimen, kan du etter tre månader ha rett til gratis tannhelsetenester.
Har du spørsmål?
Om du har spørsmål kan du ta kontakt med heimetenesta i det området der du bur eller oppheld deg.
Lover og forskrifter
Helse- og omsorgstjenesteloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester
Informasjon til deg som mottek tenester
Heimetenesta i Stad har følgjande avdelingar:
- Avdeling Nordfjordeid/Bryggja - Inkluderer Fossevegen bufellesskap
- Avdeling Selje/Stadlandet - Inkluderer Flatebø og Fredly bufellesskap
Alle helse- og omsorgstenester må ein søkje om ut i frå hjelpebehov. Stad kommune har tenestestandard for tenester i helse og omsorg. Standarden gjev deg som brukar god informasjon om dei ulike tenestene som ytast av heimetenesta. Du finn standarden på www.stad.kommune.no
Stad kommune har eiga tildelingsnemnd beståande av kommuneoverlege, kommunalsjef for helse og omsorg, einingsleiar for heimetenesta, helseavdelinga, institusjonane og bu- og miljøtenesta. Det er faste møter kvar veke der alle søknadar om helse og omsorgstenester vert drøfta før vedtak vert fatta.
Ved spørsmål angåande søknad og vedtak kan du ta kontakt med sakshandsamarteamet. Ved andre spørsmål eller beskjedar ber vi deg og dine pårørande om å nytte oppgitt telefonnummer på neste side for di avdeling.
Det er mange som mottar tenester frå heimetenesta, og som har behov for å kontakte oss av ulike årsaker. På grunn av stor pågang både frå tenestemottakarar og samarbeidspartnarar ser vi behov for å informere om korleis de på beste måte kan kontakte oss, slik at du får snakke med rett person til rett tid.
Telefon
- 57 88 58 55 Avdelingsleiar Nordfjordeid
- 41 00 22 06 Avdelingsleiar Selje/Stadlandet
Einingsleiar heimetenesta
Annette Hovden
E-post: annette.hovden@stad.kommune.no
Telefon: 454 78 472
Vi har telefontid måndag til fredag, og våre avdelingar er då tilgjengeleg på telefonnummer under i tidsromma kl. 11.00 – 12.00 og kl. 17.00 – 18.00.
Telefonnummer 476 85 646.
Om du treng legetilsyn ber vi deg kontakte:
- Fastlegen din
- Legevakt på telefonnummer 116 117
- Ambulanse på telefonnummer 113 dersom du treng akutt helsehjelp
Ressurspersonane innan syn/hørsel og innan demens arbeider og ute i heimane til dei som treng vår hjelp. Ressurspersonane har per no ikkje faste dagar der dei er tilgjengelege på kontoret, men ta kontakt med avdelingsleiar per telefon så vil du verte kontakta for å avtale tid.
Om du er usikker på om det er heimetenesta du skal snakke med, kan du ringe Stad kommune sitt sentralbord 57 88 58 00. Dei kan hjelpe deg med
å komme i kontakt med rett person/avdeling.
Vi har mange vi skal hjelpe, og mange ønskjer hjelp i same tidsrom. Det er vanskeleg for oss å love at vi skal kome til bestemte klokkeslett. Vi forstår at du synes det er frustrerande at vi ikkje alltid kan kome til det tidspunktet du aller helst ønskjer, men vi prøver å imøtekome ønska så godt vi kan samtidig som vi får ivareteke alle sine behov for helsehjelp og anna bistand.
Av og til opplever du nok og å måtte vente lenger enn avtala. Vi skal jobbe for å vere flinke å gje deg beskjed dersom vi ser at vi vert forsinka! Men vi ber om forståing for at vi må prioritere akutte hendingar, personar som har behov for nødvendig helsehjelp og som treng hjelp til bestemte tidspunkt av medisinske årsaker.
Stad kommune har fokus på digital heimeoppfølging, og vil for aktuelle brukarar der dette er tenleg, kunne tilby tenester som dekkast inn med digitalt verktøy som fyrste val. Dette kan for eksempel være digital medisindispensar, døralarmar, sensorisk utstyr, oppfølging gjennom ipad med meir.
Pasientfølgje til legetimar og undersøkingar er ikkje ei teneste som heimetenesta utfører.
Dersom du har behov for følgje av medisinske årsaker må behandlande lege stadfeste dette skriftleg før undersøkinga. Du må alltid prøve å ordne med nokon som kan følgje deg privat. Pårørande eller kjende som følgjer kan søkje om å få dekka tapt arbeidsforteneste og refusjon for eventuelle reiseutgifter frå pasientreiser. Ta kontakt med Pasientreiser Helse Førde på telefon 915 05 515 for meir informasjon.